DJUPDETEKST: LARS SANDÅS
I opningstalen til utstillinga PRE-APOCALYPTIC haldt livssynsnerd, forfattar og rådgjevar i Human-etisk forbund Didrik Søderlind ein djuptgåande tale om Lars Sandås si interesse for «det radikale, det marginale, det som er motkulturelt og motstrøms". Noko av det Søderlind løfta fram i talen handla om Sandås sin sans for å stilla ubetimelige og ubehagelige spørsmål til samfunnet og tida me lever i. Er samfunnet vårt inne i ei krise? Eller, som kunstnar Lars Sandås tek opp i utstillingstittelen; ei før-apokalyptisk tid? Og viss så er tilfelle, har kunsten tilstrekkeleg kraft til å avsløra noko og gi oss ei openberring av kva som skjer i kring oss?
Dette er nokon av idéane Didrik Søderlind kretsar kring og kontekstualiserer i opningstalen til utstillinga Pre-apocalyptic. Hå gamle prestegard har fått løyve til å publisera Søderlind sine notatar til opningtalen, som kan lesast i sin heilskap i tekstleg utgåve her: