Opning ved Hanne Beate Ueland, direktør Stavanger kunstmuseum.
Utanfor, i vest, bryt havet på mot ei sju milir lang låg sandstrand.
Det er sjølve havet, Nordhavet, breidt og fritt, ukløyvt og utøymt, endelaust. Svartgrønt og salt kjem det i veldig rulling veltande inn or dei vestlege himlar, drivi av storstormane frå Nordisen og Kanalen, køyrande sine fakskvite brimhestar fram or havskodda, so skumskavlen stend, durande sin djupe æveheims orgetone frå dei ytste avgrunnar. So støyper det seg mot strandi og krasar seg sund i kvit foss, med dunk og dyn og lange brak, døyande burt i døyvt dunder.
Upp frå den låge sandstrandi tøygjer seg eit armt, grått land med lyngbrune bakkar og bleike myrar, yvi-sått med kampstein, trelaust og berrt; avstengt mot aust med en lang, låg fjellgard. Endelaus syntes den nakne hei. Men her og der blånar ei einsleg tjønn, som ligg og gror att, eller eit stort, stilt vatn. Her susar vinden dag og natt.
(…)
I desse heimane bur folket.
Det er eit sterkt, tungt folk, som grev seg gjennom livet med grubling og slit, putlar med jordi og granskar skrifti, piner korn av aur’en og von av sine draumar, trur på skillingen og trøyster seg til Gud.
Arne Garborg, «Fred» (1892)
Da invitasjonen til separatutstilling ved Hå gamle prestegard kom, ønsket jeg umiddelbart å utvikle et nytt stort tekstilverk, som tok utgangspunkt i den jærske naturen. Jeg er avhengig av disse detaljerte prosessene. Jeg har selskap i tekstilet. Jeg savner det hvis jeg må være borte fra det.
Den jærske naturen har stått som en kilde til et lufterom og en flukt fra det lukkede rom, noe som har vært særlig viktig gjennom hele 2020 og fortsatt nå i 2021. Jeg er heldig som har hatt mulighet for å dra til havet og strendene. Selv om dette konseptuelt umiddelbart kan virke annerledes enn mine tidligere verk, så har denne lange perioden vært unik i historisk sammenheng og i vår levetid. Behovet for luften, naturen, sjøen, vinden gjennom hodet, graving i jorda, planting, tilstedeværelse og sårbarhet har stått sentralt for meg.
Verket er en hyllest til naturen. I selve arbeidsprosessen drives jeg fortsatt av et sterkt ønske om fysisk tilstedeværelse; en nærhet med materialene. Tematisk sett omhandler også dette verket de eksistensielle spørsmål: liv og død; tilstedeværelse; kontroll og kaos; arv og erindring. Jeg arkiverer øyeblikk gjennom min arbeidsmetode og forsøker å kapsle tiden inn i verkene og forevige det som en gang var nært.
Elin Melberg (f. 1976, Stavanger) bur og arbeider i Stavanger. Ho har ein Master of Fine Art frå Royal College of Art (2002) i London.
Nylege utstillingar inkluderer Stavanger kunstmuseum (2021); Nordnorsk kunstmuseum (2020-21); Abingdon Studios (Blackpool) (2019); Interface gallery (Oakland, USA) (2019); Kunsthall Stavanger (2018); Kunstmuseet KUBE (Ålesund) (2018); Sølvberget Galleri (Stavanger) (2018 og 16); SPECTRA Aberdeen (Aberdeen 2018); Kunstmuseet Nord - Trøndelag (2018); Nordenfjeldske kunstindustrimuseum (Trondheim) (2017); Galleri Format (Oslo) (2016); Open Source Gallery (Brooklyn, NY) (2016).
Verka hennar er innkjøpt av mellom anna Stavanger kunstmuseum, Stavanger Universitetssykehus, KORO, Stavanger kommune, Oslo kommune og Bazil Alkazzi Foundation. Ho har fleire offentlege oppdrag bak seg nasjonalt. Dei siste åra har ho òg gjort scenografiar for produksjonane Vástádus eana - The Answer is Land, av kunstnerisk leder Elle Sofe Sara og Dybwikdans.
Elin Melberg dreiv det kunstnarstyrte visningsrommet Prosjektrom Normanns i Stavanger saman med Margrethe Aanestad (2013 - 20), og er medgrunnleggar av det kreative arbeidsfellesskapet Elefant.
10. oktober kl. 13.30 har kunstnaren omvising i utstillinga på Hå gamle prestegard.
Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd og Stavanger kommune.