Gjennom ulike kunstnariske metodar, utforskar Josefine Lyche (1973) grunnleggjande strukturar av skjønnhet og mystikk i naturen, i mennesket og i kosmos. Arbeida hennar peikar ofte mot overnaturlege og uhåndgripelege fenomen. Desse lar ho manifestera seg som seremonielle spor og system i installasjonar med skulptur, maleri og lys.
Ei overordna målsetjing i Lyche sin kunstnariske praksis er å la arbeida virka som visuelle «ladestasjonar» – eit positivt energifelt for tilskuaren som vi prega det nye fjoset på Hå. Ho ynskjer og med utstillinga å rokka ved tilskuaren si oppfatning av verkelegheita, utover det som skjer inne i utstillingsrommet