laurdag 24. april 2010 14.00 - søndag 6. juni 2010 17.00
24. april - 6. juni 2010
Gunnar Thorsen
Jeg går i bane
objekt
Siste gong Gunnar Thorsen vitja Hå gamle prestegard var i 1987. Me er glade for igjen å kunne presentera kunstnaren her på Hå gamle prestegard med nye arbeid.
Arbeida til Gunnar Thorsen er lett gjenkjennelege med sine presise konstruksjonar og geometrisk formspråk. Thorsen ser heile tida etter det arkitektoniske og eksakte i forma og nytter seg av eit uuttømmelig reservoar når det gjeld dei geometriske formene. Dette tilfører arbeida ein tydelig fellesnemnar som går igjen i store og små objekt, om dei er bruksorienterte eller reint skulpturelle.
Utstillinga i gamle fjoset er samansett av seriar med keramiske objekt der sirkelen er ein gjennomgåande form. Kunstnaren seier sjølv at hans prosjekt er ”opplevelsen av form, materiale og bruk.”
Thorsen er utdanna ved Bergen Kunsthåndverksskole og er innkjøpt av fleire viktige institusjonar mellom anna Norsk Kulturråd og Kunstindustrimusea i Bergen og Oslo.
Kontakt
Legg til hendinga i din kalender