laurdag 24. april 2010 14.00 - søndag 6. juni 2010 17.00
24. april - 6. juni 2010
Kari Dyrdal
Jacquard fortellinger
digital vev
Det å laga og materialisera ein idé, å sitera, låna, samt det å kombinera aspekt frå kunst- og tekstilhistoria, er kjernen i Kari Dyrdal sine arbeid.
I serien ”Jacquard fortellinger” trer både det faktiske og det illusjonistiske klart fram.
Arbeida tek mellom anna utgangspunkt i den gamle jacquardvevstolen og avslører kunsthandverkaren si fasinasjon av det instrumentelle og det å lage – å skape.
Jaquardveven legg til rette for moglegheiter for rikt mønstra flater, frå damaskdukane sine kvite organiske mønster - til meir komplekse brokadar. Signalet som blir gitt er hol - ikkje hol - ein direkte forløpar til datateknologiens "1" og "0". Datamaskinteknologien og dei store industrivevstolane er ei forlenging av denne mønsterveven som gir ein moglegheit til å realisere uttrykk tett opp til det fotografiske.
Dyrdal har utdanninga si frå Kunsthåndverksskolen i Bergen og er kjøpt inn av mellom anna Vestlandske Kunstindustrimuseum og Norsk Kulturråd.
Kontakt
Legg til hendinga i din kalender