• HGP - Arrangement

Kvifor bry seg om / Fuglar langs kysten

Dato

Torsdag 10. april 2025

Tidspunkt

kl. 12.00 - 13.00

Stad

Hå gamle prestegard

Kva slags fuglar finst langs jærkysten? Kvifor er dei her? Kva driv dei med? Dette og meir kan du læra om i dette foredraget med Naïd Mubalegh.

I lag med samarbeidspartnarar inviterer Hå gamle prestegard til Kvifor bry seg om - føremiddagsarrangement i kaféen. Føremiddagsarrangementa skal ha kjekt og informativt innhald, vera lokalt forankra, relevante for årstida, eller på andre måtar aktuelle. 

Utgangspunktet for april-arrangementet er hekkesesongen langs jærkysten, markert frå 15. april - 31. juli. Jærkysten er eit av dei mest fuglerike områda i Norge, og når det er hekkesesong, er fugleaktivteten ekstra stor. Jærkysten byr fuglane på eit vekslande terreng med mykje næringsrik våtmark, noko som gjer den til ein ypparleg bustad for stand- og hekkefuglar, så vel som rasteplass for trekkfuglar på veg til hekkeplassane eller vinterkvartera sine.

Naïd Mubalegh vil i dette foredraget fortelje meir om Jæren som Ramsar-område, om korleis ein som besøkande kan få med seg noko av denne rikdomen, og korleis det kan kombinerast med omsyn til fuglane som hekkar her. 

Naïd Mubalegh har bakgrunnen sin frå økologi, evolusjonsbiologi, filosofi og vitskapsteori frå universitetet i Paris og i Lisboa. Ho har vore gjesteforskar på universitetet i Oslo, underviser til dagleg i naturfag, er lokallagsleiar i BirdLife Asker og Bærum, og står bak den populære spalta Fugleperspektiv” i Dag og Tid.  Dei siste åra har Mubalegh hatt fleire turar til Jæren, og har brukt mykje tid på å observera, studera, og ringmerka fuglar. Ho finn jærkysten om våren ei spesielt spanande tid. Då driv fuglane med song og spel, pardanning, reirbygging, ruging og oppfostring av ungar.

   

Det vil bli servering av kaffi/te og heimelaga lefser.

Pris: 100 kr

Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no merk epost med Kvifor bry seg om / fuglar langs kysten”

Praktisk informasjon

Blir arrangert av

Hå gamle prestegard