søndag 20. august 2017, 13.30 - 14.00
Ei lita teaterførestilling for dei små
med Bothild Nordsletten
Bli med Bothild Å. Nordsletten på ei oppleving om korleis livet til humla er frå vår til haust. Bothild lærer deg korleis du kan sjå verda med humleauge og oppleva korleis hagen, nabolaget og skulevegen openberrar seg på ein heilt ny måte.
Kvifor er det så lite blomar og så mykje plen? Kva blomar veks kor og til kva tid? Kor kan insekta finna frukost, lunsj og middag?
Dette er nokre av spørsmåla som du kan få svar på denne ettermiddagen på Hå. Kanskje får du og sjå eit ekta humlebol.
Bothild Å. Nordsletten er redaktør i Bondevennen.
Vanleg inngangsbillett gjeld.
: 60
Kontakt
Legg til hendinga i din kalender